tirsdag 20. januar 2015

Ytringsfridom i Norge 2015 vs 2007


Med terroråtaka i Paris fekk 2015 ein alvorleg start for Europa. Vi fekk nok ei alvorleg påminning om at vi er sårbare for ekstemistar sin terror også i vår del av verda. Måten karikaturteiknarar og journalistar i Europa svarar på, ved å slå ring rundt ytringsfridommen, er ein reaksjon både Frankrike og Europa vere stolte av. Teikningar av terroristar med automatvåpen og bombebelte som tapar mot karikaturteiknarar med blyant som våpen, vil bli hugsa lenge! Det vil også teikninga av terroristane som spør etter sine sytti jomfruer når det kjem til islam-himmelen også: - Jomfruene er opptekne med desse Charlie Hebdo-folka, taparar!

Vi hugsar karikaturstriden frå 2007 også. Den gongen var det mange som her i vesle Norge som snudde ryggen til ytringsfridommen. Då den kristne avisa Magazinet trykte ei faksimile av Jyllandsposten sine karikaturteikningar, blei redaktør Vebjørn Selbekk ståande nokså åleine med kritikken frå norske styresmakter og twitter. Dåverande utanriksminister Jonas Gahr Støre reiste på turne i Midt-austen og forklarte alle som kjende seg såra av Muhammed-karikaturane at redaktør Selbekk stod for noko unorsk noko, og at han stod åleine. Han var ein kristen fundamentalist, som folk flest i Norge tok avstand frå. Men dei Støre prata med hadde nok fått med seg at mange andre aviser i Norge også hadde trykt Muhammedkarikaturane. Dei visste at den norske utanriksministeren laug for å prøve å berge sitt eige og Norge sitt skinn. Til norske medier understreka Støre at sjølv om fundamentalistar på ei side provoserte, så hadde ikkje fundamentalistar på den andre sida rett til å bruke terror. Sjølvsagt. Statsminister Stoltenberg sa til VG at redaktør Selbekk var delvis ansvarleg for at sinte muslimar storma og sette fyr på den norske ambassaden i Syria. Han sa at å trykke karikaturane var «ei gal handling». I ettertid har både Støre og Stoltenberg beklaga korleis dei behandla Selbekk. Dei burde også ha beklaga for det norske folk det grove åtaket dei utførte mot ytringsfridommen i Norge!

Eg er ikkje Charlie. Eg kjenner ingen trong til å provosere for å utfordre grenser. Det er Charlie Ebdo sin misjon, ikkje min. Ikkje kan eg teikne heller, forresten. Ikkje strekar, i alle fall. Eg kan teikne ord og setningar, og eg strevar etter å gi kritikk på ein respektfull og intelligent måte. Men sjølv om eg ikkje vil bruke ytringsfridommen til å provosere grenser på same utfordrande vis som Charlie Ebdo, så støttar eg hundre prosent retten til å kunne gjere det. Ein treng ikkje vere Charlie for å støtte ytringsfridommen. Eg er ikkje Jens eller Jonas anno 2007 heller. Eg snur ikkje ryggen til retten å ytre det ein vil. Ein skal ikkje kompromisse med ytringsfridommen slik det offisielle Norge gjorde. Og ein skal i alle fall ikkje gjere innrømmingar til krefter som leikar med terror. Sa eg at eg meinar Støre og Stoltenberg burde sei ubetinga unnskyld overfor norske journalistar og det norske folk? Eg meinar dei bør det.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 17. januar 2015.